Bli frivillig

Kven kan vera frivillig?

Du som vil bruka di fritid til å hjelpa andre.
Du som har blitt pensjonist og tykjer kvardagane har blitt litt lange.
Du som er ung og vil øka din livserfaring gjennom kontakt med andre menneskje.
 Du som er arbeidssøkjar og ynskjer å gjere noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingtid.
Du som ynskjer å væra eit medmenneske.

Eksemplar på oppgåver kan vera: Telefonkontakt, turven, besøksven, butikkven, kinoven.
Praktiske oppgåver som; Snømåking, hagestell, handling eller liknande. Holde kurs, starta ei sjølvhjelpsgruppe. Rådgjevingteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan vær nytsam for andre? Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir.

Me gjev deg gjerne ein attest når du har jobba som frivillig.

Kva er forventa av deg?

Kor mykje tid du vil bruka og kva du ynskjer å bidra med bestem du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – tykjer du dette er givande, fortsett du.

Vil du melda deg som frivillig, eller kanskje du vil veta litt meir?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale.

Eg ynskjer å starta noko nytt

Går du med ein tanke om å starta noko nytt eller du ser eit behov. Me hjelpar deg igång. Er det noko som allereie eksisterar så viderformidlar me dette.

Flere nyheter
2024 © Lom Friviljugsentralen